søndag 24. mai 2015

Vasstrandegga

Vasstrandegga 20. mai


Bratt start på grusveg.

 Etter ein dag med skikkeleg surver, var vi litt i tvil om nokon ville vere med på tur. Men meldingane sa at det skulle lette klokka 18 - og det gjorde det. Vi køydre utover mot Ålesund, og både veret og humøret steig.

Vi plukka opp ei Vaksvikdame og ein Ørskogbygdar på vegen, og vi vart seks stykker på tur.

Vi køyrde til Spjelkavik, der vi tok av mot Vasstranda. Her var det ein kroglete og smal veg. Ørskogbygdaren hadde gått Vasstrandegga før, og viste oss vegen. Frå parkeringa ver det ein veldig bratt grusveg i starten. Vegen flata eg litt ut etterkvart, men dekke på vegen vart verre, med mykje større steinar/grus å gå på.
Ved demninga i enden av Langevatnet

Etter tre kvarter nådde vi demninga ved Langevatnet. Ein idyllisk plass med ei oppmura gammal demning. Ein kort stopp før vi hoppa over ein bekk og fann råsa vidare.


Lett å finne råsa.



Opp mot toppen

Sola skein gjennom skylaget. Brusdalsvatnet.
Det hadde vore mykje regn tidlegare, og det var mykje myr og gjørme. Råsa var tydeleg, det er nok mange som går her. Eit kort stykke frå demninga kom vi til eit skilt. Råsa fortsatte langs vatnet til Østremsætra, medan vi skulle oppover til Vasstrandegga. Her var det litt stigning i førsten, men etterkvart flata terrenget seg meir ut. Vi kunne no sjå utsyn ned mot Brusdalsvatnet, og ut mot Ålesund og øyane utanfor. Sola kika litt gjennom skyene. Vi passerte nokre tjern og nokre parti der snøen enno låg.

To timar brukte vi heilt opp. Vasstrandegga er det høgaste partiet i Ålesund kommune, medan sjølve toppunktet ligg i Skodje. Kommunegrensa var merka med ein gammal steingard. Frå toppen såg vi mektige Sunnmørsalpar på Sykkylvssida, og jammen fekk vi ikkje sjå ei regnboge også. Vi såg nesten heimatt, mot Gausneset og Skodje.
Gjengen på toppen.

Utsikta mot Ålesund og øyane utanfor på veg nedatt.

Fakta:
Vasstrandegga, 561 moh
Turleiarar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 3t totalt, 2 t opp
Deltakarar: 6

Aksleskaret

Vaksvika/Viset 6. mai


19 stk til Aksleskaret
Årets første tur gjekk til nabobygda Vaksvika. Annie Furseth var turleiar og viste turfølget på 19 rundt Aksleskaret.

Turfølget med Annie i spissen.
Vi starta turen frå småbåthamna. Her går det bru over elva. Ein kan gå begge vegar til Aksleskaret, vi gjekk turen om Kvitneset. Råsa går rundt Visetneset. Kvitneset er ein liten avstikkar etter omlag 0.5 km. Her var det bratt ned til sjøen, og flott tillaga med turbenk.

Vi gjekk bratt opp att til råsa,og fortsatte mot Viset. Råsa går i kanten mellom bøane og utmarka. Opp mot Aksleskaret er kasse og turbok.

Mange hadde eit ønske om å gå litt lenger, vi hadde gått i omlag tre kvarter til Aksleskaret. Vi kryssa vegen på Viset og gjekk opp mot Hallvardsætra. Det hadde blitt litt langt å gå heilt rundt, så vi fann ein skogsveg som tok oss over til Hjelle. Derifrå gjekk vi nes til vegen igjen, ned bøane og kom att ved hamna.
På Kvitneset
Turkasse på Aksleskaret

Mot Hallvardsætra.

Tilbake på brua ved hamna i Vaksvika.


Fakta:
Aksleskaret, rundtur Vaksvika/Viset, og opp mot Hallvardsætra.
Turleiarar: Annie Furseth
Tidsbruk: 1,5 t på heile rundturen
Deltakarar: 19

lørdag 23. mai 2015

Årsmøte og nytt styre i Stordal Turlag



23. april var det årsmøte i Stordal Turlag.

Vi har arrangert 13 turar i 2014, to måtte avlysast pga dårleg ver (natturen til Lisjeskorkja og Lisjevasstind).
Vi kan i år notere oss med ein flott sesong. På dei tretten turane var det med i alt 223 stk. På turen til Honndalsrokken var det heile 41 turgåarar med, noko som er rekord.
Flest turar i 2014: Bente Nakken Nilsen og Peder Nerland (12 turar), Hallbjørg Vinje og Ruth Janne Vinje (11 turar), Alexander Oudijk og Kjell Magne Hove (7 turar).
Vi plasserte ut to nye turkasser, på Memorgonhornet og Mohornet (etter ønske frå Mosætra vel foreining).

Val av styre: 
Leiar: Ruth Janne Vinje (gjenval)
Medlemmar: Alexander Oudijk (gjenval), Frode Færøy (ny)
Vara: Kjell Magne Hove  (gjenval), Bente Nakken Nilsen  (ny)