onsdag 22. oktober 2014

Blåskjerdingen

Søndag 5. oktober


Årets siste tur gjekk til Blåskjerdingen, eit grensefjell mellom Vestnes og Haram. Vi starta i sol og flott ver frå Stordal, men etterkvart som vi køyrde utover, mørkna det. Skodda kraup nedover fjella.
Glad gjeng med skjeret i Blåskjerdingen i bakgrunnen.

Startpunktet gjekk frå Rekdalsetra. Vi hadde fått med Rekdalingen Edmund Melkild som kjentmann, og tok ei litt alternativ rute opp til topps. Først gjekk vi opp langs Tverrelva til Røvarhytta. Det er eit segn om at ein lovlaus bodde der, og har i tillegg gravd ned store skattar ein plass i omegn. Hittil har ingen funne noko...

Turen gjekk vidare opp Langedalen, forbi nokre vatn. Vi tok no til på stigninga. Omlag samtidig kom skodda for alvor, med yr og kald gufs. Mange av oss var nok litt dårleg kledd, så det vart ei kald og våt ferd over fjellet.
Kjell Magne i Røvarhytta

Skodda kjem sigande.


Kald fornøyelse på nordtoppen.
Klatring ned skaret mellom toppane.

Vi nådde nordtoppen på 1069 moh etter omlag tre timars gange. Mellom dei to toppunkta er det eit skar som ein må over. Det var litt klatring både ned og opp, men alle greidde det fint. Vi hadde med tau, men fekk ikkje bruk for det. Sørtoppen er den som er mest besøkt, og ligg på 1061 moh. Vi var frosne og våte, og kunne derfor ikkje bie så lenge på toppane.

Titt tei! Merkelege steinar på sørtoppen.
Kort pause rett etter toppen.
Vi tok ein kort matpause i ly rett under toppen. Vi gjekk så omlag 100 meter, og brått forsvann all skodda. Humøret steig i takt med kroppstemperaturen, og vi fekk god utsikt på veg nedatt.

Vi gjekk ned til Forsevatnet og langsetter på austsida. Dermed var det å følge dalen nedover tilbake til Rekdalsetra.
Flotte fargar i haustfjellet.

Fakta:
Blåskjerdingen, Haram/Vestnes. Nordtoppen 1069 moh, sørtoppen 1061 moh.
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen/Ruth Janne Vinje/Edmund Melkild
Tidsbruk: 3 t opp, 6 t 45 min tot
Deltakarar: 10


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar