onsdag 22. oktober 2014

Blåskjerdingen

Søndag 5. oktober


Årets siste tur gjekk til Blåskjerdingen, eit grensefjell mellom Vestnes og Haram. Vi starta i sol og flott ver frå Stordal, men etterkvart som vi køyrde utover, mørkna det. Skodda kraup nedover fjella.
Glad gjeng med skjeret i Blåskjerdingen i bakgrunnen.

Startpunktet gjekk frå Rekdalsetra. Vi hadde fått med Rekdalingen Edmund Melkild som kjentmann, og tok ei litt alternativ rute opp til topps. Først gjekk vi opp langs Tverrelva til Røvarhytta. Det er eit segn om at ein lovlaus bodde der, og har i tillegg gravd ned store skattar ein plass i omegn. Hittil har ingen funne noko...

Turen gjekk vidare opp Langedalen, forbi nokre vatn. Vi tok no til på stigninga. Omlag samtidig kom skodda for alvor, med yr og kald gufs. Mange av oss var nok litt dårleg kledd, så det vart ei kald og våt ferd over fjellet.
Kjell Magne i Røvarhytta

Skodda kjem sigande.


Kald fornøyelse på nordtoppen.
Klatring ned skaret mellom toppane.

Vi nådde nordtoppen på 1069 moh etter omlag tre timars gange. Mellom dei to toppunkta er det eit skar som ein må over. Det var litt klatring både ned og opp, men alle greidde det fint. Vi hadde med tau, men fekk ikkje bruk for det. Sørtoppen er den som er mest besøkt, og ligg på 1061 moh. Vi var frosne og våte, og kunne derfor ikkje bie så lenge på toppane.

Titt tei! Merkelege steinar på sørtoppen.
Kort pause rett etter toppen.
Vi tok ein kort matpause i ly rett under toppen. Vi gjekk så omlag 100 meter, og brått forsvann all skodda. Humøret steig i takt med kroppstemperaturen, og vi fekk god utsikt på veg nedatt.

Vi gjekk ned til Forsevatnet og langsetter på austsida. Dermed var det å følge dalen nedover tilbake til Rekdalsetra.
Flotte fargar i haustfjellet.

Fakta:
Blåskjerdingen, Haram/Vestnes. Nordtoppen 1069 moh, sørtoppen 1061 moh.
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen/Ruth Janne Vinje/Edmund Melkild
Tidsbruk: 3 t opp, 6 t 45 min tot
Deltakarar: 10


søndag 19. oktober 2014

Josætra

Onsdag 24. september
Stordal Turlag på Josætra


Ein litt grå og trist onsdagskveld - passa utmerket til ein kort tur langs ein skogsveg. Vi var sju stykker som la ut på skogsvegen opp til Josætra. Praten gejkk om dei legendariske hopprenna her i påskene før i tida, i regi av Mindor Sæter.

Skogsvegen vart laga til for nokre år sidan i samband med uttak av tømmer. Den er 2,3 km opp, og vi brukte vel 40 minutt opp. Det ligg to hus på Josætra.

 



Skogsveg heile vegen - greitt å gå.
Fakta:
Turleiar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 1,5 t, 40 min. opp
Deltakarar: 7
Høgde: 417 moh

Honndalsrokken

Søndag 14. september

Honndalsrokken

Denne søndagen var det litt skodde og usikkert ver. Men meldingane var gode, så vi tok sjangsen på å reise til Hornindal for å bestige Rokken.

Ved Honndal bru tok vi inn på ein bomveg til høgre. Vi parkerte på ein overfylt p-plass, ikkje alle bilane fekk plass heller. Heile 41 stk var med, og det er ny rekord for Stordal Turlag.

Frå parkeringa gjekk turen slakt framover dalen. Skodda hang lavt, og det var ikkje mogleg å sjå fjella. Vi rasta ved eit vatn, og samla krefter til oppstigninga.  Det var temmeleg brett oppover. Vi følgde ei renne med ein del laus stein og grus. Nokre plassar var det klyvjing opp nokre berg.
Pase ved vatnet. Ser ikkje mykje grunna skodde.
Lang, lang rekke oppover fjellsida.
Skodda lettar, og vi ser toppen.

Utsikt nedover.

Rokken sett frå baksida. Ruta går opp til høgre for toppen.
Vel oppe der det flata litt ut, forvann sokodda på eit blunk, og vi fekk verkeleg nyte utsikta. Vi såg vatnet der vi pausa, og vi såg toppen på Honnindalsrokken. Ikkje berre forsvann skodda, men det vart også sol og strålande ver.

Frå flata går ein i sida på baksida av Rokken, til ein har passert sjølve toppunktet. Her svingar ein oppover igjen.  Små vardar viser veg gjennom ura. Det er stigning igjen før toppen, og når ein kjem ut på kanten er det 1000 meter rett ned til Tyssevatnet. Fantastisk utsikt frå ei stupbratt side.

Utsikt mot Tyssevatnet

Toppvarden

Jubel for dei 41 som gjekk til topps på Honndalsrokken!

Fakta:
Honndalsrokken 1526 moh

Turleiarar Kjell Magne Hove/Alexander Oudijk
Tidsbruk: 3,5 t opp, 7 t tot
Deltakarar: 41



tirsdag 7. oktober 2014

Appelsinhaugen, Ekre


Onsdag 10. september

EIn fin haustkveld i tidleg i september var vi seks som gjekk ein liten tur på Ekre i Stordal. Målet var Appelsinhaugen. Sindre Helland visste både kvar haugen var og historia bak.
Ei gammal kone frå Røyset hadde gitt namn til den lille haugen, sidan ho gjekk på ski dit og åt appelsina si.
Vakkert i haustfjellet på Ekre.
Vi parkerte ved hyttefeltet forbi Ekre og fekk dermed ein liten rundtur. Vi fekk Appelsinhaugen i siktet, og der var det to som allereie venta på oss. Dei hadde gått opp frå Blåtind, og dei var sjølvsagt velkomen i turfølget.
Appelsinhaugen og to som allereie hadde kome fram.
Stordal Turlag på Appelsinhaugen.
Nedatt tok vi ruta som dei andre hadde kome opp, mot Blåtind.
Kjekk tur på ca 1,5 time.

Bispen ved Trollstigen

Søndag 31. august 2014

Ein flott tur ifølge dei som deltok på turen til Bispen, 1462 moh. Nydeleg ver, og heile 33 var med. Turleiarar var Hildegunn Berli og Kjell Magne Hove.
Olav Lillebø tok bilda, og dei taler for seg sjølv...

Frå starten ved Trollstigen.
Luftigt mot toppen
Toppen av Bispen.

mandag 15. september 2014

Duken, Stranda

Onsdag 27. august


Denne onsdagskvelden fekk 15 i Stordal Turlag ein tur med kultur på Stranda. Der ligg audegården Duken.

Rast på audegarden Duken ved Synnylvsfjorden.
Turen starta frå Lie. Vi køyrde til Stranda, tok av ved Ringstad skule og følgde grusveg etter sandtaket på Opshaug. På Lie gjekk vi over eit jorde, og kom inn på ei rås som gjekk langs Synnylvsfjorden. I byrjinga var den godt trakka av sau, geit og folk, men etterkvart vart den litt vansklegare å følge.
Flott rås i starten av turen.

Jan Helland fortalde frå historia til Duken.
Vi gjekk i omlag ein time, før vi kom til Duken. Her var det ikkje mykje som viste at det ein gong hadde vore hus her. Turleiar Jan Helland fortalde den fasinerande og grufulle historia om tenestetausa på Duken. Ho vart med barn to gonger, og begge barna fødde ho i løyndom, før ho tok livet av dei. Då det vart oppdaga, vart ho dømd til døden ved halshogging. Men først måtte ho føde eit tredje barn. Halshogginga skjedde på Uksneset, som vi skimta på turen tilbake.
Vakker kveldstime ved Duken. Skrenakken på motsatt side av fjorden.

lørdag 23. august 2014

Djupdalen i Stordal

Søndag 17. august 2014


Turlaget i støa i Djupdalen

Djupdalen er ein litt utilgjengeleg fjellgard for dei fleste. Garden ligg 354 moh, og med ei bratt rås opp.

23 stk vart med Stordal Turlag søndag 17. august. Vi hadde fått Jan Kåre Isvik og John Hove/Per Kjell Holtleite til å køyre oss ut med båt. Det var ikkje noko lett å legge til, men alle kom seg frå båtane og opp i fjøresteinane.
Kjell Magne testar oppkoma. Litt salt!
Djupdalen har eit naust/hus nede ved sjøen. Her er det ei oppkome heilt nede ved vasskanten. Nokre smakte på dette vatnet, og merka seg at det smaka salt, men ikkje heilt som sjøvatn.
Råsa opp til Djupdalen er rekna for å vere av dei brattaste i Storfjorden, og enkelte hadde grudd seg til oppstigninga. Vi kom til at det var bratt, men at ein likevel aldri kjende seg redd. Det var heile vegen både fotfeste og «tak» for hendene, så det gjekk greitt for alle som var med. Enkelte plassar var det oppmørkna treverk, og der måtte ein trakke litt varsamt. Også dei tre-bruene vi gjekk over hadde trengt ei overhaling.

Vel oppe på kanten tok vi oss ein pause. Turleiar Jan Helland hadde funne litt historie om Djupdalen. Han kunne fortelje, no når alle hadde kome seg vel opp, at den gongen Djupdalen var bosett, hadde kona på garden ramla i den bratte stien, og slått seg ihel. Det var attpåtil på veg til kyrkje.
Alexander lurer på om han skal balansere ut på den velta trestokken. Han gjorde det ikkje.
 
Lang rekke på veg opp den bratte råsa.
Olga og Tomaz frå Polen på veg opp.

Frå kanten var det enno meir stigning opp til der den første garden hadde vore. Her var det berre tuftene att.  Enno meir stigning før vi nådde huset i Djupdalen. Huset såg velhaldt ut. Det er eigd av fam. Fivelstad på Stranda. Vi fekk vite at Dagmarstormen hadde gjort skade på taket ved at eit tre hadde ramla over. Dette såg ut til å vere ordna. Løa var det berre tuftene att av.
Gamle tufter der den første garden var.

Huset i Djupdalen såg velhalde ut.

Jan Helland fortalde meir om historia til garden. Det var mykje furu her, og mykje treverk vart frakta frå Djupdalen ned til sjøen.
Frå Djupdalen var det enno meir stigning, før det endeleg flata ut. Vi gjekk til Holmesætra, litt motsatt veg enn deit vi skulle. Her møtte vi Ivar Holme som hadde fått helikoptertur til Holmesætra til 85-års gåve. Med seg hadde han søstrene Bodil Holme og Inger Osvik. Dei hadde vore på sætra i fem dagar.
Pause ved Daumårsegga.
Turlaget gjekk så den lange vegen frå Holmesætra til Ansok i Liabygda. Råsa er godt merka av trottuge Liabygdarar. Litt opp og ned, men likevel lett å gå. Vi hadde ei lita pause under fjellet Daumårsegga, som ligg akkurat på kommunegrensa til Stranda. Vi passerte Storvassdalsvatnet, før vi byrja på nedstigninga til Klevbergsætra. Utsikta til Stranda og Storfjorden var flott her. Her kom det også regn, og vi måtte på med regnklede. Vi gjekk forbi idylliske Hammaren, før vi kom inn på vegen ved Klevberget, og vidare til Ringset.
Litt regn når vi nærma oss Liabygda.

søndag 10. august 2014

Melen i Fiksdal

Melen i Fiksdal

Søndag 3. august

11 stykker klar til start. Melen i bakgrunnen.

Første turen etter sommatferien gjekk til Melen i Fiksdal. 11 personar fekk ein flott tur, i overskya og varmt ver.

Vi gjekk frå Reset i Nakkedalen. Vi satsa på å gå ei rute litt lenger aust enn normalruta. Dessverre fann vi inga rås her, og måtte gå opp gjennom lyng og ur. Heilt i austre kant fekk vi eit flott utsiktspunkt mot fjorden.
På veg opp gjennom lyng og ur.

På toppen 805 moh, var det varde og turbok. Nokre tok turen lenger ut på den spisse egga. Det var bratt på begge sider, og siste delen måtte vi gå ned i fjellsida for å kome fram. Den aller siste "nuten" slo vi frå oss, det vart for vanskeleg.
På veg ut til ytterste varden.


Matpause på toppen av Melen, 805 moh.


Nedatt gjekk vi normalruta.
Vi brukte ca fire timer på turen, derav 2 t. opp.
Melen sett frå Fiksdal.